Jeaninne Masika Harrysson
1 bok
Viser 1 - 1 av 1
Jeaninne Masika Harrysson (f. 1995) er poet, forteljar og pedagog. Ho høyrer heime i fleire språk og opptrer med eigenkomponerte poesistykke både i Noreg og internasjonalt på tshiluba, swahili, persisk, engelsk, fransk og ikkje minst norsk, både bokmål og nynorsk, jamvel norsk teiknspråk.
Masika Harrysson byrja i TekstLab Unge Stemmer i 2014 og utvikla seg vidare som scenekunstnar i TekstLab Inkubator med støtte frå Talent Norge. Sidan 2017 har ho vore engasjert i Den mangfaldige scenen. I 2021 er ho engasjert ved Jakob Sande – senter for forteljekunst, og i Den kulturelle skolesekken i Oslo, med framsyninga «Vi er alle på veg heim», saman med musikar Shwan Wahed.
Viser 1 - 1 av 1
Vis
Visning
Salspris179,00 kr
Alt godt som enno ventar: dikt
Filter (0)