Epiktet blei fødd i Hellas omkring 50. e. Kr. Han kom til Roma som slave, men blei seinare frigitt og kom i lære hos dei stoiske filosofane. Han fekk etter kvart eigne disiplar, og slik oppsto Epiktet-skulen, ei viktig retning i romersk-hellenistisk filosofi. Ein av læresveinane til Epiktet, Flavius Arrianus, skreiv ned tankane hans slik at dei blei bevarte for ettertida. Epiktet blei viktig for andre filosofar i den stoiske tanketradisjonen, som Marcus Aurelius.