InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Fugleguten

9–12 år
Sårt, men håpefullt om å finne sin plass i verda. Lukas trur at mamma er mest glad i veslesøster Alma. Og når Lukas ikkje oppfører seg, må stakkars pappa kjefte på han. Den fæle Lukas. Det er alltid noko med Lukas. Heller ikkje bestevennen Nico er alltid så grei. Men ein dag møter Lukas ein annan gut med eit heilt spesielt kjæledyr. Ei svart kråke. Kva er det med denne guten? Og kva skjer om Lukas òg får seg ein fugl? Vil alt bli annleis då? Rune Belsvik har skrive ei poetisk og sterk historie om Lukas, som prøver å finne sin plass i verda, i familien og blant vennene. «Fugleguten» er ei sår, men også håpefull forteljing. Illustrert av Sigbjørn Lilleeng.
329,00 kr
Sider
103
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252198966
Rune Belsvik
Om forfattaren

Rune Belsvik

Rune Belsvik (f. 1956) debuterte i 1979 med Ingen drittunge lenger, som han fekk Noregs mållags pris for. For bøkene om Dustefjerten har Belsvik fått Kulturdepartements litteraturpris. I 2000 fekk han Brageprisen for beste ungdomsbok.