Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris 2025 til Edvard S. Olsen

Prisen for 2025 går til den færøyske omsettaren Edvard S. Olsen. Forlaget til Olsen, Sprotin, arrangerte prisutdeling. Juryen har bestått av Edit Bugge, Maren Barlien og Øystein A. Vangsnes. 

Frå grunngivinga: "Olsen har eit langt yrkesliv som grunnskulelærar bak seg, og då han pensjonerte seg i 2011 fekk han meir tid til arbeidet sitt som omsetjar. I alt har han no omsett snart 7000 sider til færøysk, særleg av norske forfattarar, mellom desse verk av Ingeborg Arvola, Roy Jacobsen, Kåre Holt, Morten Strøksnes, Knut Hamsun og Sigrid Undset.

Olsen har særleg valt å omsetje historiske romanar, men òg bøker som gir færøyske lesarar innsyn i hendingar og debattar i norsk samtid. Eit slikt døme er omsetjinga av Geir Lippestads Tað, vit kunnu standa við / Det vi kan stå for (til færøysk i 2014). I denne grunngjevinga av årets sokneprest-pris vil komiteen særleg trekkje fram dei gode omsettingane Olsen har gjort av Sigrid Undset sin trilogi om Kristin Lavransdatter (KransurinHúsfrugvKrossurin). 

Omsetjing er tidkrevjande arbeid og timeløna for strevet er låg, ikkje minst i ein liten bokmarknad som den færøyske. Olsens gjennomarbeidde og fine omsetjingar gjer norsk litteratur lettare tilgjengeleg for færøyske lesarar, samtidig som dei bidreg til å sikre at færøyske unge har tilgang til gode færøyskspråklege bøker. I historia til den felles norsk-færøyske målkampen har omsetjingsarbeid vore viktig. Eit tidleg døme er Noregs Ungdomslags økonomiske stønad til omsetting og opptrykk av Robinson Kruso (omsetting ved Sverri Patursson,1914), som vart gitt i gåve til færøyske skulebarn i heile landet. Sokneprest-prisen har og ein lang tradisjon for å verdsetje og trekkje fram omsetjarar som med arbeidet sitt bidreg til å styrkje banda mellom Noreg, Færøyane og Island. Årets pristildeling føyer seg inn i denne tradisjonen."  


Legg att ein kommentar!