Hulda Garborgs stipend 2024 til Kjersti Dalseide

Juryen har bestått av Ingelin Røssland, Siri Ramberg og Jon Bleiklie Devik. Prisutdelinga var på kulturprogrammet etter årsmøtet til Litteraturselskapet Det Norske Samlaget i april 2025. 

Frå grunngivinga til juryen:

Vinnaren av detteåretsHuldaGarborg-stipend går til ein skodespelar som har arbeidd ved Det Norske Teatret sidan 2015. Vedkommande foreinar eit utsøkt skodespelararbeid med ein inngåande språkleg teft. Skodespelaren arbeider dedikert og grundig med det nynorske scenespråket, noko som gjer ho til eit førebilete i ensemblet. 

I eit spenn frå formfaste klassiske tekstar, musikalske oppgåver og til nyskriven dramatikk utviser ho ein fagleg tyngde, og med framføringane sine får ho alt til å høyrast lett og naturleg ut. Med bakgrunn frå Ål i Hallingdal står ho støtt i nynorsken, og denne klangbotnen og erfaringa verkar å gje henne stor fridom til å kunne leike seg med språket på scenen. Sjølv i avanserte tekstar er det som om replikkane renn ut av vinnarens munn.    

Skodespelaren har såleis ei særs medviten haldning til språket og har løfta framsyningane ho har medverka i. Juryen ønskjer spesielt å trekke fram vinnarens prestasjonar i Romeo og Julie, Tolvskillingsoperaen, Persona, Tid for glede og no sist som ei ugløymeleg Thea Elvstedt.   

Stipendet fråHuldaGarborgs minnefond 2024 går til skodespelarenKjersti Dalseide. 


Legg att ein kommentar!