Katrine Nybø har vore programleiar for aktualitetsprogrammet Nyheitsmorgon på NRK P2 og NRK1 sidan 2021. På kulturprogrammet etter årsmøtet til Litteraturselskapet Det Norske Samlaget april 2025 fekk ho Alf Helleviks Mediemålpris.
Juryen har bestått av Lars Ivar Nordal, Eli Strand og Sølve Rydland.
Frå grunngivinga: "Prismottakaren har markert seg som ein uvanleg trygg nynorskbrukar, som har stålkontroll på språket i stressande situasjonar, når ein ikkje kan ty til manus, òg når det kokar i nyheitsbiletet i lange sendingar på direkten.
I eit medielandskap der stadig fleire unge journalistar tyr til dialekt, er prisvinnaren eit døme på at normering til nynorsk slett ikkje har gått ut på dato, men i staden bidreg til at journalistikken vert levande kommunisert, og er forståeleg for lyttarar og sjåarar.
Vinnaren er ein drivande god og kunnskapsrik journalist, som greier å vera truverdig uansett om det er snakk om pågåande direktehendingar, oppklarande intervju, spontane overgangar saman med kollegaane i studio, eller mjukare stoffområde. Alltid med eit konsekvent, trygt og levande språk.
Når nyheitene dei siste åra har vore prega av krig, konfliktar, og pandemi, har Nyheitsmorgon spelt ei viktig rolle for eit større publikum, både på radio og tv. Når verda er komplisert, treng me journalistar med godt språk for å opplysa publikum. Det greier prisvinnaren på ein førebiletleg måte.
Vinnaren er ein god rollemodell for unge nynorskjournalistar, og eit døme på at godt, enkelt og forståeleg språk løftar journalistikken.
Alf Helleviks mediemålpris for 2023 går til programleiar Katrine Nybø i aktualitetsprogrammet Nyheitsmorgon på NRK P2 og NRK1."

