Juleroser 2021

juleroser 2021

store
kunstopplevingar
til jul

 

Juleroser er eit vakkert illustrert, litterært julehefte med nyskrivne bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane i vår tid, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne. 

 Juleroser 2021 har bidrag frå mellom andre Agnes Ravatn, Edvard Hoem, Ingrid Bjørnov, Maria Navarro Skaranger, Tone Selboe, Knut Hoem, Mona Høvring, Karin Boye, Tor Jonsson, Marthe Minde, Håkon Gullvåg og Erle Kyllingmark. Demian Vitanza og Christer Karlstad har laga ein ekfrase, Alfred Fidjestøl har intervjua Åge Aleksandersen, Karoline Krüger har skrive den nye julesongen «Syng sang», og framsida er illustrert av Christopher Rådlund. I tillegg får du tre flotte kunsttrykk som du kan ta ut og ramme inn.

 

 

Julestemning
for dei yngste

 

Barnas Juleroser er eit underhaldande hefte spekka med glade juleforteljingar, teikneseriar, dikt, songar og ikkje minst leikne og morosame illustrasjonar signert nokre av våre fremste barnebokillustratørar. Blant bidragsytarane finn vi mellom anna Tegne-Hanne, Gulraiz Sharif, Bjørn F. Rørvik, Helge Torvund, Anna R. Folkestad, Harald Nortun og Martin Ernstsen. Framsida er illustrert av Malin Falch. 

 

Juleroser