Ein lang veg heim til ro
Sognefjorden er ein lang, bratt dal fylt av havvatn og forma av isbrear gjennom millionar av år.
Sigri Sandberg bestemmer seg for å ro og fortelje denne fjorden. Utgangspunktet er uro i eigen krets og i verda. Ho treng ro, og vil ro dei over tjue milene i verdas lengste farbare fjord, i ein gammal trebåt. Sigri startar ytst i havet der ho budde som lita, og ror innover mot garden der ho delvis bur no.
Undervegs fortel ho om korleis fjorden vart til, om kvardagen då fjorden var riksvegen, om vind og straumar og livet over og under vatn. Er fjorden eigentleg frisk? Ho ror etappar med mannen, venninner og mor si.
Det blir bølger og dramatikk, men også blikstilt vatn, song og nakenbading. Men finn ho ro?
(Alle bilete er tekne av Sigri Sandberg)
Høyr Sigri fortelje om vegen til Ro i sju delar:
Etter at boka endeleg er ferdig og har kome heim til forfattaren sjølv i posten reflekterer Sigri over den lange vegen dit.