Våre venner kinesarane

Are Kalvø

Are Kalvø kom til Noreg omtrent samtidig med kinarestaurantane. På den tida hadde Noreg ��in tv-kanal, alle nordmenn såg heilt like ut, og folk åt i fullt alvor blodpølse til middag.

 Kalvø er glad for at det har gått framover sidan den tid, og vil gjerne feire institusjonen som starta det heile: kinarestauranten, som var mange nordmenns første møte med noko framandt på heimebane. Kalvø reiser til alle norske kommunar med kinarestaurantar. For å takke. Og hylle det rare, uføreseielige og internasjonale Noreg. Ein mann. To etepinnar. 150 kinarestaurantar. Veldig mykje ris.

Sjansane for at heimplassen din er omtalt i boka er ganske store. Følgjande norske kommunar er med:

Alstahaug, Alta, Aremark, Arendal, Askim, Askøy, Aurskog-Høland, Bamble, Bergen, Birkenes, Bodø, Brønnøy, Bø i Telemark, Bærum, Drammen, Eidsberg, Eidsvoll, Eigersund, Elverum, Evje og Hornnes, Farsund, Fauske, Fet, Fjell, Flekkefjord, Flora, Fredrikstad, Frogn, Froland, Førde, Gjesdal, Gjerdrum, Gjøvik, Gol, Gran, Grimstad, Grong, Halden, Hamar, Hammerfest, Hareid, Harstad, Haugesund, Hemsedal, Herøy, Hof, Hol, Hole, Holmestrand, Horten, Hurum, Hå, Inderøy, Jevnaker, Karmøy, Klepp, Kongsberg, Kongsvinger, Kragerø, Kristiansand, Kristiansund, Krødsherad, Kvam, Kvinesdal, Kvinnherad, Larvik, Lenvik, Levanger, Lier, Lillehammer, Lillesand, Lindås, Lund, Lunner, Lyngdal, Lørenskog, Mandal, Modum, Molde, Moss, Namsos, Narvik, Nedre Eiker, Nes i Akershus, Nes i Buskerud, Nesodden, Nittedal, Nome, Nord-Aurdal, Nord-Fron, Nordre Land, Notodden, Odda, Oppdal, Oppegård, Orkdal, Os, Oslo, Porsgrunn, Rana, Randaberg, Ringebu, Ringerike, Ringsaker, Risør, Rygge, Rælingen, Røyken, Råde, Saltdal, Sandefjord, Sandnes, Sarpsborg, Sauda, Sel, Skedsmo, Ski, Skien, Sogndal, Sola, Sortland, Stavanger, Steinkjer, Stjørdal, Stokke, Stord, Strand, Surnadal, Svelvik, Søgne, Sør-Varanger, Sørum, Time, Tinn, Tjøme, Tromsø, Trondheim, Trysil, Tønsberg, Ullensaker, Ulstein, Vefsn, Vennesla, Verdal, Vestby, Vestre Toten, Vestvågøy, Volda, Voss, Vågan, Våler i Solør, Ørsta, Østre Toten, Øvre Eiker, Ål, Ålesund, Åmot og Åsnes.


ISBN: 9788252170641
Utgitt:

Kategoriar: Are Kalvø, Bestselgere, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2007, Hefta

Kategoriar: Kunst og kulturhistorie



Fleire bøker av Are Kalvø