Livet, til det betre

Anna Gavalda | Tove Bakke

Sjarmerande om livet, kjærleiken og tapre unge menneske frå lesarfavoritt Anna Gavalda

Få forfattarar skildrar sårbare menneske med større hjartevarme og humor enn franske Anna Gavalda. I ein leiken og lun tone fortel ho om menneske som endrar livet sitt etter eit tilfeldig møte med ein framand. 

Mathilde. Yann. Billie. Tre historier. Tre unge menneske som leiter etter noko meir. Mathilde har kutta ut kunsthistoriestudia for ein jobb ho ikkje liker, Yann jobbar som seljar, men drøymer om noko heilt anna, og Billie som veks opp i ein heim utan kjærleik, oppdagar ein dag at vennskap finst. Alle er dei bestemte og tapre og vil heller satse og risikere å feile enn å leve middelmåtige liv. 

Frå fransk ved Tove Bakke.

Frå Bokmeldingar

Terning 5"Rappkjefta eg-forteljingar om jakta på eit meiningsfullt liv."
Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad




Fleire bøker av Anna Gavalda