Glødepunkt

Hilde Myklebust

Poetisk industrirealisme

Det ligg ei summing over Steinsetbygda. Ei dirrande summing av røyster og kaos og fektande tankar. Heile bygda gløder mørkt og sugande, som ein nyuttrekt femtoms spikar, varm og brennheit av overført energi frå ein tilstand til ein annan.

Guttorm jobbar ved bergverksbedrifta Mineral Vest. Han og kona Margunn prøver å halde liv i ekteskapet sitt, men  det er så mykje som gneg: Overtida, det altfortærande brotet som trugar vennskap og barndomsminne, sandstøvet i lungene, barnet dei ikkje får. Når bedrifta får tidenes største ordre på sand til eit belgisk jarnverk, skyt aktivitetsnivået fart, dagbrotet veks  og arbeidarane vert drivne til brestepunktet. Hjelpa kjem i form av finske leigearbeidarar, som også er eit kjærkome innslag for unge jenter med lengt bort frå bygda. Ein vert sugd inn i denne forteljinga, der arbeidet byrjar tidleg om morgonen med ein tørr finger mot ein kald brytar, slik det alltid har gjort, men endar tragisk og blodraudt.

Forfattaren lar denne vesle bygda med sitt altfortærande steinbrotet  bli eit bilde på korleis storsamfunnet fungerer. Hilde Myklebust tek med dette steget frå poesien til romanen. Ho har med seg det presise og fargerike språket sitt inn i ei forteljing som både er sitrande spennande og rørande.

Frå Bokmeldingar

«Myklebust skriver et rikt, poetisk nynorsk ispedd kjøttfulle dialektord som gir farge og temperatur til teksten. Aller best synes jeg hun er i skildringen av de ulike arbeidsfunksjonene på Mineral Vest, eller av Margunns daglige dont på gården, med saueslakt og lamming. (...) Her formidler hun kunnskaper det knapt er mulig å lese seg til, i et språk som drar oss rett inn i begivenhetene: Hosten til en av arbeiderne, framkalt av det allestedsnærværende olivinstøvet, lyder «som pukk mot en forskalingsplate». Her finnes originale, sterke bilder av kjærlighet, og en begravelsesscene som er så vittig og skarpt formidlet at den nesten er verdt bokprisen i seg selv.»
Bror Hagemann, Klassekampen

"Myklebust har eit godt grep om den skjøre balansen, og dei underliggjande strukturane i eit lite bygdesamfunn. (...) Prosaen hennar har eit bølgjete og lyrisk preg, synsvinklane overlappar kvarandre, metaforane er originale, og den sunnmørske dialektbakgrunnen er tydeleg til stades."
Nora Simonhjell, Morgenbladet

"Mest imponert blir eg når teksten tar for seg kvardagen på fabrikken og i fjøset. Dei beste passasjane er så fulle av poesi og realistisk tyngde at dei kan bringa tanken hen på ein arbeidslivsskildrar som Kjartan Fløgstad."
Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad

«Ho skildrar stille morgonar så varleg at eg som lesar knapt tør puste for sola har kome opp. Det er varm sauefjøs og fugleungar. Og så er det rullings og termos, karane sitt pauseprat. Hilde Myklebust kjenner begge miljøa. Og bruker dei godt. Glødepunkt handlar om eit ektepar som går på tomgang. Ei bygd som står stille. Og kva som skjer når endringane, personalisert ved finske leigearbeidarar, kjem.

Det kunne vore enkel hjartesmerte, men Hilde Myklebust gir hovudpersonane tankar og tyngde somgrip lesaren. Olivinstøvet har lagt seg over bygda der bergverksbedrifta er navet. Når støvet skal tørkast vekk, rispar det. Og meir enn i overflata i denne romanen somhar både kloke tankar og effektfullt språk.»
TORIL MYREN, Sunnmørsposten


ISBN: 9788252179262
Utgitt:

Kategoriar: Bestselgere, Hilde Myklebust, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2011, Innbunden

Kategoriar: Romanar og noveller



Fleire bøker av Hilde Myklebust