Last ned omslag

Bla-i-boka

Forteljingar og fablar frå andre tider

Einar Økland

Fjorten forteljingar frå det indre livet i hugen, i kroppen, i landskapet, i fortidene - dei nære og dei fjernare.

Fjorten forteljingar frå det indre livet i hugen, i kroppen, i landskapet, i fortidene �� dei nære og dei fjernare.

Det er mannen som er i fokus i desse tekstane - sjølv når det handlar om jenter, så er det menn som blir halde fram, granska, og trekt slutningar om. Dei gjer uforståelege ting eller ingenting, dei mistar kroppsdelar eller minnet. Eller så reiser dei vekk, og berre det dei sa står igjen og får etter kvart store dimensjonar.

Tekstane viser kva folk seier, korleis ting blir sagt, korleis sanningar får bein å gå på og mytar blir danna.

Frå Bokmeldingar

"... og stille står ikkje novellene til Økland. Dei set noko i bevegelse, og best som du humrar over både «vår mann» som er gevinsten i det store innringingslotteriet på Røros, og vanlege og uvanlege folk som dukkar opp i andre av desse historiene, blir du undrande og spør: kva handlar dette eigentleg om?"
Gro Byrkjeland, Bergens Tidende

"... ingen norsk forfatter etter krigen har dyrket de litterære kortformene, som fabelen, så konsekvent, og med et sånt mesterskap, som Einar Økland."
Trygve Riiser Gundersen, Dagbladet

"Tekstane i denne boka er skrivne i eit reint og poengtert språk, utan ornamentikk av noko slag, men dette nær sagt organisk naturlege språket er likevel ofte poetisk på det viset at det veks i lesaren, det gjer meir enn det seier."
Odd W. Surén, Dag og Tid


ISBN: 9788252175639

Kategoriar: Bestselgere, Einar Økland, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2010, Innbunden

Sjanger: Romanar og noveller



Fleire bøker av Einar Økland