Last ned omslag

Bla-i-boka

Blod på hendene

Magnhild Bruheim

Brennaktuell og spennande krim for ungdom

Kari Marie Eiker (Kami, blant venner) er med i ei aktivistgruppe som nattetid tek seg inn på pelsdyrfarmar, for å avsløre industrien.

Kampen mot pelsdyroppdrett får stadig breiare støtte etter kvart som media viser bilete av dyr som lir. Like etter ein aksjon blir Kami kontakta av ein ukjend mann som følgjer godt med på alt ho gjer. For henne blir situasjonen etter kvart meir truande.

Samtidig får ei jente frå ein av farmane anonyme meldingar der det står: Du har også blod på hendene!

Blod på hendene er den fjerde boka i den populære serien om Kami og Bente. Ei krimbok for ungdom, med spenning frå første til siste side, og med aktuelle tema som kamp mot pelsindustrien og mobbing.




Fleire bøker av Magnhild Bruheim