Åleine i Alpane

Ragnar Hovland

Førsteutgåva av Åleine i Alpane var eit stort løft. 20 mangfaldige bøker i eitt: Roman, noveller, ei ekte dagbok, ei minnebok, teikneseriar, gjendiktingar, film, skodespel, essay, aforismar �� nokre stutte, andre lange, men alle hadde ein ting til felles: Dei var gjennomsyra av forfattarens uforliknelege fantasi og merkte av hans særeigne skriveklør.

Det var klart heilt frå utgjevingsdagen at dette ville bli ei kultbok, og det blei det. Boka har vore utseld lenge, men no! No kjem den i ny utgåve, der det beste av det beste er vald ut av forfattaren sjølv: Roman, aforismar, draumebok, minnebok og ein teikneroman om våte hestar i regnet. Kort sagt: Alt det som det er viktig å lese om.


ISBN: 9788252168204

Kategoriar: Pocket, Ragnar Hovland, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2006, Pocket,

Sjanger: Romanar og noveller



Fleire bøker av Ragnar Hovland