Kvalitet og omsorg er omgrep som ofte blir nytta i barnehagedebatten. Men kva er kvalitet i barnehagen, og kva er god omsorg? I boka går forfattaren grundig inn på desse spørsmåla og viser gjennom teori, historier og observasjonar kva utfordringar vi står overfor når vi skal utvikle kvalitet i barnehagetilbodet for barn i aldersgruppa 0-3 år. Ho ser dette i samanheng med intensjonane i Rammeplan for barnehagen, og knyter det til nyare forsking om læring og utvikling hos små barn.
Dei første åra i livet er dei mest avgjerande for korleis barn utviklar seg og lærer seinare. Derfor er det viktig at små barn møter vaksne som er kjenslemessig engasjerte, har kunnskap, evne og vilje til å samspele og støtte barn på måtar som fremjar trivsel, læring og positiv utvikling. I dette ligg ei stor utfordring. Det krev at vaksne må prve å sjå og forstå perspektivet til små barn. Forfattaren viser kor avgjerande handlingane, veremåten og yrkesutøvinga til personalet er for korleis barna opplever kvardagen i barnehagen.
Målgruppa for boka er førskolelærarstudentar, barnehagepersonale og andre som arbeider med små barn.
Synnøve Haugen
Synnøve Haugen (f. 1952) er høgskulelektor og bur i Bergen. Ho har bakgrunn frå Barnevernskulen i Bergen, førskulelærarutdanning. Vidareutdanning: forming, sosialfag med administrasjon, pedagogisk rettleiing, leiing, ex.phil og cand.politstudiet (pedagogikk) ved NTNU.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO