Maria Tryti Vennerød kjem no med tre skodespel samla i éi bok, Gokk, Safari og Testen, som alle handlar om menneske som leitar etter grunn under føtene, men som leitar på feil stad.
I Gokk reiser Siv til Gokk for å leita etter den bortkomne faren. I staden finn ho eit lokalsamfunn som dyrkar eit heltebilete av same mannen men mannen sjølv har ingen sett.
I Safari oppsøkjer visedirektøren Teddy ein forfallen dyrehage etter stengetid. Der møter han den svoltne dyrepassaren Molly. Teddy prøver å gjera ei god gjerning.
I Testen møtest ein mann og ei ung jente. Jenta har med seg svarbrevet på ein farskapstest.
Maria Tryti Vennerød (f. 1978) skriv med språkleg energi. Ho er morosam og frekk, og ho er ikkje nådig mot karakterane sine. Ho fekk Ibsenprisen 2005 for Dama i luka. Ho har tidlegare gitt ut Meir (2007).
Maria Tryti Vennerød
(f. 1978) er ein av våre unge, lovande dramatikarar. Ho debuterte med Meir og Ta meg på vengene på Norsk Dramatikkfestival i 2002 og har sidan vunne fleire prisar for stykka sine. Vennerød skriv med høg språkleg energi. Ho er morosam og frekk, og ikkje nådig mot karakterane sine. I 2003 vann ho førsteprisen i ei norsk-svensk dramatevling i samband med markeringa av unionsoppløysinga. Vinnarstykket, Frank, blei trykt i Ung nordisk dramatikk (2005). I 2005 fekk Vennerød Ibsenprisen for Dama i luka. Stykket finst i boka Meir (2007), der ein òg finn dei to debutstykka Meir og Ta meg på vengene i tillegg til stykket Krokodillen. Gokk (2009) inneheld dei tre stykka Gokk, Safari og Testen, som alle handlar om menneske som leitar etter grunn under føtene, men som leitar på feil stad. Stykket Neverland har premiere på Det Norske Teatret hausten 2010. Vennerød er fødd i Oslo, men voks opp i Sogndal og Førde. Ho har utdanning i drama- og teaterkommunikasjon frå Høgskolen i Oslo.
Litterære prisar
100 og NÅ
For Testen og Neverland
Ibsenprisen
For Dama i luka
Førstepris i norsk-svensk dramatevling
Med Frank.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO