Alle skulle bli dronning

Gabriela Mistral |
Innbunden | ISBN: 9788252169232

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price320 kr

Gabriela Mistral var mestis, og ikkje berre medviten om det, ho gjorde det til eit adelsmerke. Ho var sterkt sosialt engasjert, ikkje minst kjempa ho for barns rettar. Eit anna gjennomgripande trekk er at ho viser kvinnas mange fasettar. I mangt var Gabriela Mistral kompromisslaust og brutalt nyskrivande. Ho stakk pennen sin i verkebyllar i eit samfunn som ikkje alltid var modent nok til å ta imot. Ein stor del av verket hennar går ut på å krinse inn, kartleggje og vise den latinamerikanske identiteten. Diktsamlinga Tala (1938), som mange av dikta i denne samlinga er henta frå, kalla ho også "rota til det indiansk-amerikanske".

"Av og til når ein les ei bok, kan ein få ei klår kjensle av at denne utgjevinga kjem til å bli ståande. Eg kjente det slik med Gabriela Mistrals bok Alle skulle bli dronning."

Eva Jensen, NordlysLes heile meldinga her"Fattigjenta som ble dronning"Les intervju med Tove Bakke i Klassekampen her

Du likar kanskje desse

Sist sett på