Novellene er varierte: dei er lagt til ulike miljø, dei skiftar mellom kvinneleg og mannleg perspektiv, og skildrar barn, ungdom, vaksne og eldre. I ein nøktern og nådelaust avslørande tone tematiserer dei tekstane overgangsfasar, frå fellesskap til einsemd, frå klaustrofobi til fridom, frå liv til død.
Eg spør om ho har vore oppe på knausen no, og ho svarer ikkje på det, men ho raudnar litt synest eg, og ser bort. Eg kom berre forbi, svarer ho, skulle berre oppover til dei andre ein snartur. Ja, seier eg. Ja, for du ventar jo på nokon, seier eg, men forstår i det same at ho ikkje gjer det, at ho ikkje har tort å vente meir, og eg forstår at det kanskje ikkje er nokon å vente på. Og tunga mi hugsar noko fint og finn ein framand smak på leppene, men eg vågar ikkje heilt tru at det er slik, så eg står her berre og kan ikkje vite, og slik står ho òg og veit heller ikkje. Og trasten lagar slikt leven innover i skogen, og eg kjenner at slik er det no. At vegane finst der, men at ingen veit. Og heile tida høyrer eg nye tonar frå skogen.
«En stilren og dyktig utført debut.» Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten
Meldingar
Sigrid Merethe Hanssen
Sigrid Merethe Hanssen (f. 1966) debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang, ei bok ho fekk Blixprisen for. Etter å ha gitt ut Ingen heime i 2009, fekk ho Sigmund Skard-stipendet for «starten på ein original, solid og spennande forfattarskap». Novellesamlinga Sprang (2007) imponerte med psykologisk innsikt og sensitivitet for samspel mellom menneske. Det er varierte noveller, lagde til ulike miljø, og vi følgjer kvinner og menn, barn, ungdom, vaksne og eldre. I ein nøktern og nådelaust avslørande tone tematiserer tekstane overgangsfasar, frå fellesskap til einsemd, frå klaustrofobi til fridom, frå liv til død. Kritikarane var alle einige om at debutboka var stilsikker, solid og velskriven.
Med Ingen heime (2009) etablerte Sigrid Merethe Hanssen seg som ein ny, spennande novelleforfattar, da ho med stø hand og stor innleving skreiv om menneske som ikkje kjenner seg heime i sine eigne liv, og som på kvar sin måte tek steget ut frå dei faste rammene – med dei konsekvensane dette får. I 2011 debuterte Hanssen som barnebokforfattar med historia om Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet. Hanssen bur på Finnsnes.
Kom ei jente gåande (2022) er hennar andre roman.
Litterære prisar
Sigmund Skard-stipendet
Sigmund Skard-stipendet for 2009
Blixprisen
Blixprisen for 2007.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO