Året er 1967. Verda står på kanten av ei ny tid. Eit tilfeldig møte i Brooklyn fører to unge menneske inn på ein livsveg med kunst og lidenskap. Patti Smith ville bli poet og kunstnar, og Robert Mapplethorpe ville utfordre fotokunsten. Bundne saman i uskuld og entusiasme reiste dei på kryss og tvers av byen, frå Coney Island til 42nd Street, og etter kvart til det berømte runde bordet på nattklubben Max's Kansas City, der Andy Warhol heldt hoff. I 1969 slo paret seg ned på Chelsea Hotel.
Just Kids er ei varm og inderleg kjærleiksforteljing frå Smith til den elska vennen Mapplethorpe, men boka er også eit unikt tidsdokument. Smith gir ei levande skildring av New Yorks avantgardistiske og spennande kulturliv tidleg på 1970-talet. Her møter vi forfattarar, musikarar og kunstnarar som har påverka ein heil generasjon og sett avtrykk langt utanfor New Yorks grenser. I omgangskrinsen var Sam Shepard, Janis Joplin, Jim Morrison, Andy Warhol, Bob Dylan, William Burroughs og mange fleire.
Til norsk ved Brit Bildøen.
Meldingar
"Det Patti Smith her har fått til, er like mykje ei dokumentarbok om ein generasjon som ein sjølvbiografi. (...) Patti skriv godt og medrivande i denne boka (...) Omsetjinga til Brit Bildøen er utan plett og lyte."
Odd W. Surén, Dag og Tid
"To av rockens største artister kom med hver sin selvbiografi i 2010: Keith Richards og Patti Smith. Nå er den beste av dem også kommet på norsk. (...) I et presist og korthogget språk gir Smith et detaljert og realistisk bilde av en nesten mytisk epoke i nyere kunst- og rockehistorie. (...) Sidemålets iboende protest mot ensretting passer til patti Smiths rebelske ånd. Rock - best på nynorsk?"
Bernt Erik Pedersen, Dagsavisen
"Intense historier holdes i sjakk med stilsikker skrivekunst (...) Brit Bildøens oversettelse fanger opp det sobre og formelt nedtonede i Smiths memoarbok. (...) Har du noen gang lurt på om vi trenger kunst, i form av ord, musikk, bilder eller hva som helst, er denne boken et ja så overbevisende og vakkert at man må gi seg over. Patti Smiths bok løfter deg. Les den, gjerne for annen gang, og bli inspirert."
Susanne Hedemann Hiorth, Dagens Næringsliv
"Just Kids er et lekent, kraftfullt lite mesterverk av en bok fra en av våre største punkrockere, om tiden før berømmelsen. Ikke forbeholdt Patti Smith-fans."
Thea Marie Dolva, Fædrelandsvennen
"Just kids er blitt et enestående dokument skrevet av en poet med sans for undertekst, de pregnante detaljer og økonomien i språket som blir så talende når forfatteren er trygg på hva hun vil si."
Knut Faldbakken, VG
"Denne boka kommer jeg aldri til å glemme! Den har gjort et uutslettelig inntrykk på meg! Måtte mange lesere finne frem til Patti Smith og hennes litteratur!"
Rose-Marie Christiansen, Bokbloggar
Bla-i-boka
Patti Smith
Patti Smith (f. 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria, og ho er også kjent som pønkens gudmor. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og har gitt ut fleire bøker. Just Kids (2012), Sanka ull (2013), M Train (2016) og Om å skrive (2018), er alle gitt ut på norsk. For Just Kids fekk ho National Book Award i 2010.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO