Fanga på fjorden
På båttur oppdagar Klodeklubben ulovleg fiske av hummar i ei vik. Kven tjuvfiskar hummar i sjøen? Og er det ikkje noko mystisk med den nye sjefen på Fiskeriet i bygda?
Fanga på fjorden er tredje bok i Klodeklubben, ein spenningsserie for barn i alderen 6-9 år, skrive av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Boka inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen.
I Klodeklubben finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad, kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar.
Dei to første bøkene i serien, Dei svarte svanene og Hytta som forsvann, kom ut våren 2020.
Ruth Lillegraven (f. 1978) har sidan debuten i 2005 skrive ei rekkje bøker i mange sjangrar, for både barn og vaksne. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Også dei to diktsamlingane hennar for barn, Eg er eg er eg er (2016) og Skogen den grøne (2018) blei nominerte til fleire prisar.
Jens Kristensen (f. 1975) er ein anerkjent illustratør og bildekunstnar. Han er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. For illustrasjonane til Klodeklubben. Dei svarte svanene, vann han Kulturdepartementets prisar for beste barne- og ungdomslitteratur - Illustrasjonsprisen.
Om Klodeklubben. Dei svarte svanene (2020):
«I flommen av detektivbøker har Ruth Lillegraven laget en serie som skiller seg ut, blant annet fordi den handler om miljøkriminalitet.»
Periskops julegåvetips 2020
Vinnar av Kulturdepartementets illustrasjonspris 2020:
«Kristensen får elegant fram dei humoristiske, såre og alvorlege sidene. Framsida er med på å skape forventingar hos lesaren - og dei blir innfridde.»
Juryen for Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur 2020
Ruth Lillegraven
Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger der ho no er busett. Ho debuterte som forfattar i 2005 og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. Lillegraven er mest kjend for diktsamlingane sine, men har òg skrive ein roman, eit skodespel og ein psykologisk thriller, i tillegg til biletbøkene om Mari og Magnus.
I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. To år seinare kom barnediktsamlinga Skogen den grøne (2018), som blei nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok. Begge desse bøkene er illustrerte av Mari Kanstad Johnsen. No er Ruth Lillegraven aktuell med ein ny detektivserie for barn om klima og miljø, illustrert av Jens Kristensen. Klodeklubben er ein internasjonal suksess, og rettane er selde til Sverige, Danmark, Polen og Færøyane.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO