Last ned omslag

Bla-i-boka

Ollis

Ingunn Thon

Spennande, gripande og morosam barneroman

Heime hos Ollis og mamma er ting snudd på hovudet. Det har flytta inn ein knøttliten, søt veslebror, men også mamma sin irriterande ryddefreak-kjærast. Heime er ikkje lenger slik det var.

Heldigvis er nabohuset den perfekte fristaden, for der bur Gro. Ollis og Gro er bestevenner og kjenner kvarandre ut og inn. Eller, gjer dei det? Ollis har ikkje alltid snakka heilt sant til Gro. Og når dei finn eit postkort i ei mystisk, gul postkasse midt i skogen, veks løgna til Ollis seg endå større. Kva er det Ollis veit om postkortet, som Gro ikkje veit?

Ein spennande barneroman om vennskap, familie og mot!

Illustrert av Nora Brech.




Fleire bøker av Ingunn Thon