Last ned omslag

Bla-i-boka

Lukta av våt jord om natta

Maria B. Bokneberg

Korleis leve vidare etter at den næraste har valt å gi opp livet?

Mie har dei siste par månadene budd på familiehytta saman med søstera Rakel og far deira. Her har søstrene vore i helger og feriar gjennom heile oppveksten, men no er det éi som manglar: mor. Mie forstår ikkje korleis livet berre kan gå vidare, og heller ikkje korleis dei andre to kan takle det som har skjedd. Ho minnest barndommen og tida fram mot gravferda, og prøver på eiga hand å finne svar på spørsmåla som tapet av mora etterlèt. 


Lukta av våt jord om natta er ein roman om ein familie som gjer sitt beste for å nærme seg kvarandre igjen, og finne ein måte å snakke saman om det verste som kunne skje.

Frå Bokmeldingar

"En romandebutant med full kontroll [...]. Dette er rett og slett en debutant som man ønsker seg mer av. «Lukta av våt jord om natta» kan godt være begynnelsen på et forfatterskap".
Knut Hoem, NRK


ISBN: 9788252190601

Kategoriar: Årets bøker, Bestselgere, Maria B. Bokneberg, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2016, Innbunden,

Sjanger: Romanar og noveller



Fleire bøker av Maria B. Bokneberg