Last ned omslag

Bla-i-boka

Handboka

Åsmund Eikenes

Alt du vil vite om hendene dine - og litt til

Hendene dine er eit resultat av ei utvikling over milliardar av år. Biologen Åsmund H. Eikenes tek oss frå ursuppa og fram til hendene dine. Kvifor er hendene som dei er? Korleis fungerer dei, og korleis samtaler dei med hjernen? Korleis beskyttar huda oss mot farlege bakteriar og virus? Og kva om vi kuttar av oss ein finger, kan det i framtida vera mogleg å produsere ein ny i laboratoriet?

Åsmund H. Eikenes fortel i denne boka ei rekkje engasjerande historier om ny vitskap, medisinske gjennombrot og fascinerande oppdagingar, alt med utgangspunkt i hendene dine. Boka er ei oppdagingsferd i biologien, ei reise bakover i tid, innover i kroppen og framover mot neste vitskaplege gjennombrot. 

Du får også bli kjend med dine eigne hender gjennom observasjonar og små eksperiment.

ISBN: 9788252190113

Kategoriar: Årets bøker, Bestselgere, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2016, Innbunden,

Sjanger: Natur- og populærvitskap



Fleire bøker av Åsmund Eikenes