Last ned omslag

Bla-i-boka

Den stille flokken

Lars Mæhle

Intens krim om eit mørkt kapittel i norsk historie

Ein valdsdømd psykiatrisk pasient rømmer frå lukka avdeling. Dagen etter blir to søstrer funne avretta, på ei avsidesliggjande glenne i marka. Saka viser seg å ha trådar tilbake til eit uløyst drap på ein rusmisbrukar på 1980-talet, men også til dunkle hendingar på Svanviken arbeidskoloni. Dit blei taterfamiliar tvangssende på 1960-talet for å lære seg «den norske, bufaste kultur».

Nok ein gong blir psykolog og kampsportutøvar Ina Grieg motvillig trekt inn i ei drapssak. Ho slår seg saman med tidlegare etterforskar Jon Fannrem i jakta på sanninga.

Den stille flokken tek opp ein av dei mørkaste plettane i norsk historie: behandlinga av romanifolket gjennom 1900-talet.

Gjennom tett, suggererande historieforteljing har bøkene om Ina Grieg blikket retta mot kva som ligg bak kriminelle handlingar: Kvifor blir enkelte forbrytarar – og andre ikkje? Kva kan få eit menneske til å gå over eigne moralske grenser? Når er eit motiv sterkt nok til at det rettferdiggjer hemn?




Fleire bøker av Lars Mæhle