Tenk deg å kunne drepe nokon berre med blikket. Tenk deg å kjenne seg så fri, som ein jamaica-kar, at du kler av deg og går rett bort og helsar på naboen. Eller tenk deg noko så fint som å bli vekka av dryssande snø ned på ansiktet ditt frå lua til den du bur med, og snart luktar det nybakt brød, og det er på tide å stå opp. Slik er det i Gaute M. Sortlands nye bok der forteljingar er spreidde utover eit heilt vanleg år. Her får dei fleste vere med: sokneprestar, fyllekjørarar, livsnytarar og (potensielle) øksemordarar. Folk som opplever at livet plutseleg har endra seg, eller som med eitt oppdagar seg sjølv midt i livet.