Dramatisk og stillferdig lausriving

Dramatisk og stillferdig lausriving

Christine Kjellstrøm Melby skriv om eit du som må gå heilt i oppløysing før ho kan bryte fri og finne seg sjølv på ny. Og det treng ikkje skje med skrik og rop.


Korleis vil du sjølv beskrive debutboka di, Ho?

– Boka handlar om korleis ein kanskje må gå heilt i oppløysing før ein kan bryte fri frå det ein har blitt pålagt å vere. Sentralt i boka står ei lausriving frå noko gammalt, frå noko som er blitt lagt på hovudpersonen, av nokon andre eller i form av normer frå samfunnet, tradisjonar, eller som ho kanskje har lagt på seg sjølv. Lausrivingsprosessen blir ein framandgjeringsprosess. Du kan samanlikne det med å gjenta namnet ditt igjen mange gonger etter kvarandre, slik at det som før var ditt eige namn, no berre blir ein slags absurd lyd. Eller når du ser deg i spegelen og ikkje kjenner deg sjølv att, det er som du ser på deg sjølv med eit framandt blikk. Det er ei ekkel kjensle av å gå utanfor seg sjølv.  

I Ho skriv eg om ei kvinne, eit du, som blir til eit slags dyr i løpet av denne framandgjeringsprosessen. Ho blir nærmast berre biologi, berre ein kropp, dyrets kropp. Eg har skrive frå kvinnas perspektiv, vi blir ofte reduserte til kroppen, til dei reproduktive systema våre og biologi, kjøtt og blod. Eg har prøvd å skildre korleis ho må gå heilt til kompost og til jord før ho kan finne tilbake til ei kvinne. Eg har òg forsøkt å beskrive kor stillferdig denne prosessen kan vere. Sjølv om han er dramatisk, er han ganske stillferdig.    


Hadde du sett for deg den prosessen du-et går gjennom før du gjekk i gang med å skrive, eller har det vakse fram av seg sjølv?  

– Sjølve prosessen har alltid lege der, då eg byrja å skrive manuset, kom alt ut med ein gong. Eg skreiv kronologisk, eg byrja med starten og skreiv slutten til sist. Den gjennomgåande linja har vore der heile tida, og den stemninga og kjensla som eg sat med heile tida medan eg jobba med manuset, har vore tydeleg frå starten.


Eg hadde ikkje vist boka til nokon før rett før ho skulle komme ut, og då innsåg eg at no må eg jo byrje å forhalde meg til at boka skal ut i verda.


Korleis har skriveprosessen vore?  

– Ein er jo alltid i endring, og eg har dratt med meg dette manuset gjennom to år. Eg bur i eit veldig hyggeleg kollektiv i Oslo, men det er ganske trongt her, så sidan dei andre er A-menneske og eg er B-menneske, har eg sete oppe om natta etter at dei andre har lagt seg. Då sit eg med same song på repeat i øyra og berre hamrar laus. I tillegg skriv eg ned ting når dei kjem til meg, det kan vere på serviettar, på ei avis eller på mobilen. 

Det har vore ein litt kaotisk skriveprosess. Eg er lite strukturert, og synest det var mykje lettare å jobbe strukturert då eg fekk tilbakemelding frå Runa, redaktøren min. Då hadde eg noko konkret å jobbe vidare med. Eg har hatt eit veldig godt samarbeid med henne. På grunn av korona fekk eg dei fleste tilbakemeldingane på e-post, og det fungerte utruleg godt. Då kunne eg ta det i mitt eige tempo og la alt søkke inn. 

Eg hadde ikkje vist boka til nokon før rett før ho skulle komme ut, og då innsåg eg at no må eg jo byrje å forhalde meg til at boka skal ut i verda. Det er berre redaktøren og manuskonsulent som har lese manuset under vegs, for sjølv om det ikkje er sjølvbiografisk, kjennest det veldig privat. 


Tenkjer du på lesaren medan du skriv? 

– Nei, eigentleg ikkje. Eller av og til så spør eg meg jo om dette vil vere forståeleg for nokon andre enn meg. Eg har mellom anna brukt ein del bibelreferansar i teksten, eg er jo sørlending, kjem frå bibelbeltet og har ein bachelorgrad i religion. Vil lesarar som ikkje har den bakgrunnen, ta desse referansane? Og om dei ikkje tar dei, kan det likevel ha meining for dei lesarane? Så der har eg tenkt eksplisitt på lesaren. Det same gjeld nokre bilete eg har skrive fram, der eg lurer på om dei er logiske for andre enn meg.


Den skvisen mellom kva som er rett for deg sjølv, og kva normene seier er rett, kan bli så vanskeleg at du endar opp med å utslette deg sjølv. Til slutt er det ikkje nokon rett måte å gjere det på, fordi du anten bryt med deg sjølv eller med tradisjonane. 


Det er jo ein han som er nemnd der, og eg tenkte at dette kan jo vere ein mann, men også Gud. Kva tenkjer du når eg seier det? 

– Ja, det var noko eg gjorde heilt bevisst, eg la mange av bibelreferansane til dei han-dikta, nettopp slik at det kanskje kan bli forstått til å handle om Gud, eller kjønnsroller, patriarkatet, noko litt større.   

Eg har brukt Det gamle testamentet mykje, eit døme på det nokon kallar «den menneskelege lova», som er nedarva frå generasjonar før oss. Det er ei arkaisk lov, og ved å halde fast i henne, kjem vi til eit punkt der vi ikkje veit kva som er rett eller gale, og det kan bli forvirrande. Den skvisen mellom kva som er rett for deg sjølv, og kva normene seier er rett, kan bli så vanskeleg at du endar opp med å utslette deg sjølv. Til slutt er det ikkje nokon rett måte å gjere det på, fordi du anten bryt med deg sjølv eller med tradisjonane.  


Har du nokon klar tanke om kva du vil at lesaren skal sitje att med etter å ha lese boka? 

– Kanskje dette med kor stillferdig det kan vere å bryte heilt ned, at kanskje det ikkje er så synleg for andre. Det kan bli vanskeleg for den som har gått gjennom ei slik endring eller prosess å komme ut av det og møte dei same personane som før. Dei forstår jo kanskje ikkje kva som har skjedd, eller at noko har skjedd. Vi blir eldre og utviklar oss alle saman, heile tida, men så er det ikkje alltid så lett å setje ord på korleis, på kva måte ein kjenner seg annleis. Det håper eg fleire kan kjenne seg att i, sjølv om dei ikkje går ut i skogen og grev i jorda, slik som du-et i boka gjer.  

Er det nokon som inspirerer deg til å skrive? Og les du andre bøker medan du er i eigen skriveprosess?  

– Eg les ein del sjølv, men ikkje akkurat medan eg jobbar med mitt eige manus, då er eg fokusert på mitt. Opp gjennom barndommen og no i vaksen alder har eg lese veldig mykje, og eg er glad i prosaiske forfattarar som Merete Lindstrøm, Lina Wolff, Herta Müller, og eg likar veldig godt humoren til Agnes Ravatn og Gunnhild Øyehaug. Stig Sæterbakken er god, og det politiske ved Ibsen synest eg er kult. Og så må eg nemne poeten Anne Helene Guddal. Ho er så god at eg kan miste motet av å lese henne. Då kan eg miste trua på min eigen tekst og tenkje at det er jo ikkje vits, eg kjem aldri til å kunne levere på hennar nivå. Så eg skånar meg sjølv litt medan eg skriv, for å unngå akkurat det. 



Ho
Christine kjellstrøm melby

Ho skildrar einsemda etter eit brot, ein vinterdepresjon som veks ut av proporsjonar - for ikkje å snakke om klørne som veks ut av føtene og sprenger seg ut av joggeskoa. Ei kvinne blir forvandla frå menneske til dyr, frå dyr til jord - og frå jord til kvinne igjen. Grensene blir uklare mellom natur og sivilisasjon, fortid og framtid og mellom det metafysiske og det konkrete, og syner at av og til må ein kanskje setje seg sjølv i ein større samanheng for å kome seg vidare og bli fri. 

Christine Kjellstrøm Melby (f. 1990) er oppvaksen i Mandal. Ho har studert sosiologi og religionsvitskap og har gått på skrivekunstlinja ved Nansenskolen.