{"product_id":"vitskapsteori-for-laerarstudentar","title":"Vitskapsteori for lærarstudentar","description":"På kva grunnlag skaffar vi oss påliteleg kunnskap om verda? Kva er eigentleg vitskap? Dette er grunnleggande spørsmål som ligg til grunn for eit kvart master- og forskingsprosjekt. For å svare på dette treng vi nokre knaggar til å orientere oss i ulike måtar å tenke og forske på. Formålet med denne boka er nettopp å gjere bruk av vitskapsteori forståeleg og nyttig for masteroppgåva.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003eBoka er bygd opp i fire delar. Den første delen er ein introduksjon til sentrale omgrep, tankemåtar og vitskapsteoretiske retningar.  I resten av boka presenterer vi korte døme i vitskapsteoretisk bruk skrive av ei rekke forfattarar frå språkfag, samfunnsfaga og estetiske fag. Del to handlar om akademisk skriving og ulike måtar å forske på. I del tre ser vi på tekstanalyse, med konkrete døme på koplinga mellom vitskapsteori og tekstanalyse. Den siste delen tek føre seg nye retningar i utdanningsfeltet, slik som posthumanisme, digitale verdsrom og kampen om kunnskap.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003e\u003cstrong\u003eErlend Eidsvik \u003c\/strong\u003eer geograf og professor ved Høgskulen på Vestlandet og UiT Norges arktiske universitet og underviser og rettleiar i samfunnsfaglege emne særleg innan berekraft, klimadanning, geografi, utdanningspolitikk og postkolonial teori.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003e\u003cstrong\u003eEdit Bugge\u003c\/strong\u003e er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet, og spesialiserer seg innan språkvariasjon, språkendring og språktileigning. Ho er særleg interessert i dei sosiale og samfunnsstrukturelle vilkåra for språkbruk og språkendring.\u003cbr\u003e","brand":"Erlend Eidsvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":47368543273181,"sku":"9788234008368","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_447c7da8-a6ea-4c89-9d5a-5e6a6fd8dd34.jpg?v=1770642183","url":"https:\/\/samlaget.no\/products\/vitskapsteori-for-laerarstudentar","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}