Visste du at ...? TACO (Leseland nivå 1)

Anna R. Folkestad

Visste du at tacoen kom til Noreg i 1965?

Og visste du at den største tacoen i verda var 40 meter lang? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om taco. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Anna R. Folkestad.

Visste du at ...? TACO er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.



Meir frå Anna R. Folkestad