Visste du at ...? MARK (Leseland nivå 1)

Anna Fiske

Visste du at marken pustar gjennom huda?

Og visste du at marken kan leve i vatn i mange dagar? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om marken. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Anna Fiske.

Visste du at ...? MARK er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.



Meir frå Anna Fiske