Visste du at ...? HÅR (Leseland nivå 1)

Hanne Sigbjørnsen

Visste du at vi har mellom 100 000 og 150 000 hår på hovudet?

Og visste du at håret strekker seg ut når det blir vått? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om hår. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Hanne Sigbjørnsen.

Visste du at ...? HÅR er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.



Meir frå Hanne Sigbjørnsen