Visste du at ...? FLY (Leseland nivå 1)

Kristoffer Kjølberg

Visste du at maten smakar annleis i fly?

Og visste du at det første motorflyet i verda blei laga av to brør? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om flyet. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Kristoffer Kjølberg.

Visste du at ...? FLY er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.



Meir frå Kristoffer Kjølberg