Vinter-vrimlebok

Rotraut Susanne Berner

Denne boka presenterer ein liten by og landet omkring, med hus og gater og ein heil masse ting. Bileta gøymer ei rekkje små forteljingar om både folk og dyr ein vanleg vinterdag, men desse forteljingane må lesaren sjølv fortelje, for her er ingen tekst!

Berre bak på boka blir vi presenterte for dei viktigaste personane på bileta – kva dei heiter og kva dei driv med nett denne dagen. Det blir ei rekkje spennande oppdagingsreiser for bilet-lesaren – som kan følgje kvar person frå bilete til bilete og sjå kva som skjer. Bileta vrimlar av detaljar, men er samtidig klare og tydelege, i sjarmerande og fargeglad teiknestil. Ei bok som barn kan sitje med i lange stunder og stadig oppdage noko nytt. Omsett av Hanna Midtbø.


ISBN: 9788252164619

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Barnehage, Måltid, Rotraut Susanne Berner

Emneknagg: 2004, Kartonert,

Sjanger: Biletbøker



Meir frå Rotraut Susanne Berner