Last ned omslag

Bla-i-boka

Verdas viktigaste bok

Nathalie Simonsson

Om kroppen, kjensler og sex

Ei bok om alt ein vil vite, men ikkje vågar å spørje om. Er det vanlig at tissen er skeiv? Kvifor er nokre ting jentete og andre gutete? Korleis kjennest det å bli kåt? Kan mensen vere brun? Kor ofte er det ok å onanere? Korleis skal eg vise at eg er interessert og vil bli saman med nokon?

Denne boka er til deg som lengtar etter å kline. Og til deg som aldri kunne tenke deg å stikke tunga di inn i munnen på nokon. Boka handlar om kropp, utsjånad, kjærleik og flaue greier. Du kjem til å få lære deg alt om både jentetissen og gutetissen, og ein del om sex. Men dette er ikkje berre ei faktabok, for den handlar også om sånne ting som du berre kan vite sjølv. Korleis det kjennest inni deg, og kva som er bra for akkurat deg. Mest av alt handlar boka om at du skal ha det bra. Det gjer dette til verdas viktigaste bok.

Boka er omsett av Ingelin Røssland.

Frå Bokmeldingar

”Høyaktuell og tidløs bok om temaer som eldre barn og unge tenåringer gjerne går rundt og lurer på.”
Heidi Sævareid, Barnebokkritikk


ISBN: 9788252189148

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Nathalie Simonsson, Sommartilbod

Emneknagg: 2016, Hefta, Sommartilbod,

Sjanger: Faktabøker



Meir frå Nathalie Simonsson