Våte graver

Gunnar Grytås

Gripande og tankevekkjande om ulukker til sjøs.

Sidan slutten av 1800-talet har fleire hundre fiskarar og andre sjøfarande i Troms blitt borte på havet. Ofte sporlaust.

Gunnar Grytås fortel om nokre av forlisa og ulukkene her, ulukker som skaka samtida, og som det framleis knyter seg mange uløyste spørsmål til. Han fortel om djupt tragiske hendingar, men også historier om godt sjømannskap, mannsmot og handlekraft i kamp mot naturkreftene. For i dei kritiske stundene, ansikt til ansikt med døden, er det knapt grenser for kor mykje livsvilje folk klarar å mobilisere. Ikkje berre for å berge seg sjølv, men også for å hjelpe andre.

Boka er illustrert med historiske fotografi.

Frå Bokmeldingar

"...en god og viktig utgivelse som anbefales alle fiskrei- og kystinteresserte, både i og utenfor Troms."
Pål Christensen, Fiskeribladet Fiskaren

"Gunnar Grytås skriver på nynorsk med bedre innsikt enn de fleste ... Dette er ei bok som holder på leseren."
John Gustavsen, Harstad Tidende


ISBN: 9788252172577

Kategoriar: Fakta og dokumentar, Gunnar Grytås

Emneknagg: 2009, Innbunden,

Sjanger: Historie



Meir frå Gunnar Grytås