{"product_id":"tynne-rivner-av-lys-2","title":"Tynne rivner av lys: roman","description":"\u003cstrong\u003eVinnar av Tarjei Vesaas' debutantpris 2025!\u003c\/strong\u003e\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eDu må lære meg alt.\u003c\/em\u003e\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eSolveig og Vegard tek over garden til foreldra hans etter at faren får slag. Det er ei avgjerd som tvingar seg fram under dramatiske omstende, men Solveig, som ikkje har gardserfaring, kjenner seg likevel trygg på at dei har gjort det rette. Ho legg merke til ei endring i Vegard. I fjøset er han ikkje redd. Og frå utsida ser den vesle mjølkegarden riktig så idyllisk ut.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003ePå nabogarden bur barndomskompisen Sveinung, som har lagt over til moderne lausdrift for lenge sidan. Sveinung er stadig innom etter at dei overtek, både Vegard og Solveig trivst godt i selskapet hans. Gradvis blir likevel besøka færre. Solveig stansar han ute på trappa, ho har lovt Vegard å halde tett. Vegard treng hjelp, og Solveig er fast i trua på at ho skal klare å hjelpe han. Aleine.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eTynne rivner av lys\u003c\/em\u003e er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eAnne-Lise Frøland er med denne boka kåra til vinnar av Tarjei Vesaas' debutantpris 2025. Frå grunngjevinga til juryen heiter det mellom anna: «Mange opplevingar kan få menneska til å kjenne seg små. \u003cem\u003eTynne rivner av lys\u003c\/em\u003e er ei allmenngyldig forteljing om dei mørke sidene av menneskelivet, men òg om det gjenstridige \u003cem\u003ehåpet \u003c\/em\u003esom pregar vår felles reise som menneske.» \u003cbr\u003e","brand":"Anne-Lise Frøland","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":47542200139997,"sku":"9788234018039","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_c04280a5-2e43-45cf-92ed-01c8cbc1a7f7.jpg?v=1772776976","url":"https:\/\/samlaget.no\/products\/tynne-rivner-av-lys-2","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}