Last ned omslag

Bla-i-boka

Tung tids tale

Olaug Nilssen

Vinnar av Brageprisen 2017!

Nominert til Ungdommens kritikerpris!

Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie.

- Der er bilde av mamma, sa du, frå baksetet.
- Kor er mamma? svarte eg, frå framsetet.
Du brukte lang tid på å formulere deg, fordi språket ditt var i ferd med å gå i oppløysing, eller fordi du leitte etter ei poetisk linje.
- På øyret til bilen.

Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?

Tung tids tale er ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng.

Frå Bokmeldingar

Tung tids tale er eit rørande brev til ein elska son, ein fortvila rapport frå ein utmattande kvardag og eit verknadsfullt kampskrift mot diagnosesamfunn og rigid byråkrati. ... Tung tids tale er ei både rå og nyansert, kamplysten og sorgtung historie om kjærleik som krev alt ein har å gi.
Frå grunngjevinga til Brageprisen 2017

Terning 6 Man trenger ikke store bøker for å løfte fram store temaer. Olaug Nilssen tar pusten fra leseren med sin lille roman, «Tung tids tale».
Guri Hjeltnes, VG

Terning 6 «Tung tids tale» gjør det god litteratur skal gjøre. ... Nilssen skaper et forståelsesrom også mellom linjene. Vi skjønner mer enn ordene. Får kjenne på hvordan det er å være moren til Daniel. Denne evnen til å vekke empati er en av litteraturens viktigste oppgaver. Nilssen makter det på strålende vis.
Janne Bjørgan, Hamar Arbeiderblad

Terning 5 Olaug Nilssens inderlighet, det presise språket og refleksjonene rundt det å være et individ, noe helt for seg selv, er dypt medrivende.
Inger Bentzrud, Dagbladet

Terning 5 Olaug Nilssen er ein driven og klok forfattar, som samstundes har skrive ein roman med skjønnlitterære kvalitetar og teknisk utstyr, i alt frå allusjonar til oppbygging med stigande spenning, og ein politisk pamflett.
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

Terning 5 Kaos-pilotar, tei still! Lytt heller til denne kaos-kosmonauten av ei småbarnsmor, som er både kvardagsheltinne, varslar, aktivist – og ein drivande god forteljar. ... ... ein raus og styrkande roman om kjærleik, samhald og von.
May Grethe Lerum, BOK365

Terning 5 Olaug Nilssen har nok ein gong vist at ho er ei av Noregs skarpaste forfattarstemmer. Tung tids tale legg du ikkje frå deg upåverka.
Torborg Igland, Fædrelandsvennen

Denne boka er en helt rå kjærlighetshistorie og helt klart den beste romanen jeg har lest om autisme.
Helene Larsen, Aspergerinformator

Hjarteopnande vakkert og uendeleg sårt om å vere forelder til eit barn som er annleis.
Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

Denne lille boken som har potensiale i seg til å endre hele vår velferd.
Cato Brunvand Ellingsen, Vernepleieren

Tung tids tale er en dramatisk og sterk historie om det å være Olaug, mor til den autistiske gutten Daniel.
Tom Egil Hverven, Klassekampen

Romanen er som eit skrik: rå, sår og sterk. Det er lyden av ei kvinne i kamp, ei som alt har kjempa lenge og ikkje gitt seg.
Merete Røsvik Granlund, Dag og Tid

... rystende og viktig litteratur.
Ingunn Økland, Aftenposten

De som tror at omsorgsoppgaver kan overlates til familier uten omkostninger, bør lese Olaug Nilssens sterke roman.
Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende


ISBN: 9788252190274

Kategoriar: Nyheiter og populære bøker, Olaug Nilssen, Skjønnlitteratur,

Emneknagg: 2017, Nyheit,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Olaug Nilssen