{"product_id":"trolltunga-eit-vilt-stykke-norgeshistorie-1","title":"Trolltunga: eit vilt stykke Norgeshistorie","description":"Trolltunga i Hardanger vart eit nasjonalt ikon og ein internasjonal turistattraksjon på rekordtid. I 2010 gjekk 800 fotturistar til Trolltunga. Åtte år seinare hadde talet stige til 87 000. Kvifor ville plutseleg heile verda til Trolltunga? Og kva problem skapte det med turgåarar som tok fatt på den ti timar lange turen med crocs og sandalar?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eTuristane kom til Odda og Hardanger allereie på slutten av 1800-talet. Ikkje for å gå til Trolltunga, men for å sjå fjell og fjord og beundre Tyssestrengene og Ringedalsfossen, som var blant dei høgste og flottaste fossefalla i landet. Men så kom kraftutbyggarane og anleggsarbeidarane med slegger, bor og dynamitt, for å bygge den norske velferdsstaten. Odda og Tyssedal vart industristader, dei staselege fossane blei lagde i røyr, og turistane forsvann.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDette er ei absurd og underhaldande historie om flaks, tilfeldigheiter, smart marknadsføring og sosiale medium. Det handlar om masseturisme, leiteaksjonar, villcamping, køar og trafikkaos, og om eit lokalsamfunn som har evne til å snu seg rundt.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eI dag er ringen slutta, turistane er tilbake, mykje takka vere Trolltunga.\u003cbr\u003e","brand":"Halvor Folgerø","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975900512477,"sku":"9788234015748","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_216aed8b-0554-4060-b000-5b113355b549.jpg?v=1781265773","url":"https:\/\/samlaget.no\/products\/trolltunga-eit-vilt-stykke-norgeshistorie-1","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}