Tragedien Umberto Nobile

Steinar Aas

I boka ønskjer forfattaren å ta eit oppgjer med "norsk smålegheit og historieforfalskning".

Umberto Nobile var verdas fremste luftskipspionér. Han konstruerte og førte luftskipet "Norge" under Roald Amundsens polferd i 1926. To år etter drog Nobile ut på eigen ekspedisjon med luftskipet "Italia". På veg heim havarerte han i isaudet på Svalbard. Store redningsaksjonar vart iverksett. Sjølvaste "nasjonalhelten" Amundsen styrta med sjøflyet "Latham" i forsøket på å berge Nobile. Nobile overlevde, men vart jaga rett ut av landet, og for all ettertid forfølgd av hat og fornedring.

For første gong får vi ei bok på norsk om Umberto Nobile. Denne boka følgjer den tragiske historia om Umberto Nobile frå innsida, slik han sjølv opplevde den. Eit samansett og uhyre spennande menneske stig fram. Boka er rikt illustrert med nye bileter frå sjølve ekspedisjonen, samt illustrasjonar.


ISBN: 9788252160413

Kategoriar: Steinar Aas

Emneknagg: 2002, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Steinar Aas