{"product_id":"tolv-dagar-i-april-1","title":"Tolv dagar i april: ei odelsjente fortel","description":"Kvar vår dreg odelsjenta Johanne Nyborg frå Oslo til familiegarden på Vestlandet for å hjelpe mor si i lamminga. I boka \u003cem\u003eTolv dagar i april \u003c\/em\u003etek ho lesaren med inn i fjøsen, der ho gjennom tekst og bilete skildrar den vakre og brutale lammingsperioden.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003eJohanne utforskar òg forholdet til mor si, til garden ho voks opp på, og den indre dragkampen mellom bygd og by. I dag lever ho det livet ho ein gong ønskte seg, men under overflata ligg uvissa om kvar ho skal ende opp. Vil ho bli verande i byen, eller vil ho vidareføre arven på garden?\u003cbr\u003e \u003cbr\u003eJohanne Nyborg (f. 1994) er fotograf og biletkunstnar. Ho kjem frå bygda Berle i Bremanger kommune, men har budd og arbeidd i Oslo i over eit tiår. \u003cem\u003eTolv dagar i april\u003c\/em\u003e er hennar første sakprosabok.\u003cbr\u003e","brand":"Johanne Nyborg","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":47923824656605,"sku":"9788234018152","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_4d2e189d-238f-4362-be5b-98ef52973c76.jpg?v=1779264436","url":"https:\/\/samlaget.no\/products\/tolv-dagar-i-april-1","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}