To cubanske

Virgilio Piñera | Ángel Escobar | Tove Bakke

Virgilio Pi��era (1912-1979) og Angel Escobar (1957-1997) vert no for første gong utgitt på eit skandinavisk språk, i utval og gjendikting ved Tove Bakke. Pi��era og Escobar inngår i ein lang cubansk litterær tradisjon, der poesien står særleg sterkt.

Dikta til Virgilio Piñera, som var fødd lenge før revolusjonen i 1959, kan lesast som uttrykk for eit identitetsbyggjande prosjekt: Det å finne fram til den cubanske folkesjela stod sentralt etter lange hundrår under framandt styre. Angel Escobar, eit barn av revolusjonen, går vidare frå dette, og er i diktinga si opptatt av det cubanske folket i dag. Dei oppheldt seg i periodar i utlandet, Piñera i Argentina og Escobar i Chile, men begge døydde i heimlandet. Og begge var sterkt knytte til denne øya, med "det fordømte vatnet på alle kantar", som i diktinga deira representerer både fridom og fengsel.


ISBN: 9788252158144

Kategoriar: Skjønnlitteratur, Virgilio Piñera

Emneknagg: 2001, Innbunden,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Meir frå Virgilio Piñera