Telefonkatalogdiktet

Ottar Ormstad

telefonkatalogdiktet tar utgangspunkt i eit utval på over 1000 etternamn frå Oslo-katalogen. Utvalet er gjort på ein poetisk basis, og er sortert og samla etter mengda bokstavar og stavingar.

Teksten gir eit innblikk i norsk kultur, namnetradisjon og geografi. Rytmen, klangen, det grafiske oppsettet og assosiasjonane som namna gir, kan få oss til å skape våre eigne forteljingar gjennom lesinga. Boka vil auke interessa vår for etternamn og få oss til å sjå lister og register på ein heilt ny måte.

Sjå svevedikt hjå Afsnitp her og her.Les intervju i KK her.Les melding i KK her.

"En slags dans over boksidene ... poetisk hugst i skogen av iøynefallende navn. Alle sansene parate - her kan du oppleve en gullgruve. Denne boka er i like høy grad en konsert for tusen telefonabonnenter som på skift - eller i kor - løfter røret av og sier navnet sitt høyt inn i røret ... en sprudlende lovsang til en mangfoldig verden av sære og poetiske navn."

Christian Yde Frostholm, KK"Dette uvanlege og vellukka prosjektet til ormstad."Sindre Ekrheim, BT

"Og det er mange vakre namn å lesa, mange vakre lydar oppstår om ein les dette høgt, og det er mange vakre former og bilete som er skapt med stor grafisk presisjon på sidene ... Opnar ein seg for dette, ja, bare gjev seg over, så er det fleire fine opplevingar og mykje humor å henta i denne boka."

Helge Torvund i Dagbladet.

"Telefonkatalogdiktet er ansporende som konsept, og boken viser frem mange fine og rare navn, som vi kan smake på og gruble over."

Kari Løvaas i Morgenbladet.

ISBN: 9788252168570

Kategoriar: Ottar Ormstad

Emneknagg: 2006, Hefta,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Ottar Ormstad