Syn og Segn. Hefte 4-2016

Knut Aastad Bråten

Bunad og Jesus, Erna og Finnmark!

Les samtale med forfattar Thorvald Steen, som snakkar om røyndomslitteraturen, om mor si og sin eigen sjukdom.

Temaartiklar om bunad og folkedrakt ved ekspertane Anne Kristin Moe, Håkan Liby, Ingun Grimstad Klepp og Lizette Gradén. Kva slags rom for nytolking finst i bruken av bunadane i dag, spør dei.

Ebba Boye har snakka med forbrukarkoordinator Anders Nikolay Kvam i Finanstilsynet, som er uroa over veksten i forbrukslåna.

Halvor Moxnes jaktar på Jesus, og kven han eigentleg var: Korleis speglar kulturen og kyrkjelivet i samtida bileta av Jesus, spør han.

Og korleis er det eigentleg å vere sensitiv, undrar filmskapar Sturla Pilskog.

Kvar nyttårsdag benkar Jørgen Norheim seg framfor TV-en for å høyre statsministerens tale. Han spør: Kva funksjon har statsministertalane, og kva er det Erna eigentleg prøver å seie oss?

«Ein gong tenkte eg at pynt var noko dillete og unyttig. Så endra eg meining», skriv Katrine Sele. Saman med fotograf Oddleiv Apneseth tek ho med lesarane på besøk til Rosa sin skjønnheitssalong på Vassenden i Jølster.

Overraskande mange nordmenn har aldri vore i det nordlegaste fylket vårt, Finnmark. Vil du ikkje prøve, spør Aina Basso.

Og som om ikkje det skulle vere nok: Flu Hartberg teiknar vidare på folket på Nakkeskotseter.


ISBN: 9788252190076

Kategoriar: Syn og segn

Emneknagg: 2016,

Sjanger: Tidsskrift



Meir frå Knut Aastad Bråten