Syn og Segn. Hefte 3 - 2017

Knut Aastad Bråten

Menneskerettar og Kristus, hytter og akseksualitet

Stor samtale om funksjonshemmingar og menneskerettar med Berit Vegheim, temaartiklar om hyttekultur og hyttefolk ved ekspertane Carlo Aall, Anita Nordeide, Olav Norheim, Arne Lie Christensen og Håvard Teigen. Ida Habbestad har snakka med presten Merete Thomassen om katolisisme, protestantisme og kva dei kan lære av kvarandre.

Doktorgradsstipendiat Åsmund Mikalsen Kvifte skriv om jorda og kva som skjer når ho blir utarma. Og Randi Gressgård lærer deg meir om akseksualitet. Per Søreide Senstad er oppteken av den liberal-demokratiske samfunnsordenen, og kva som skal til for å støtte opp om den, medan Leif Høghaug presenterer James Joyce på hadelandsmål.

Marit Julien skriv klokt om språk og kva som til kvar tid blir sett på som rett og gale. Johannes A. Nymark tek deg med til sjølvstendekampen i Catalonia, og som om det ikkje er nok: Kunstnar Vanessa Baird avsluttar det heile med ei kraftig salve til statsminister Erna Solberg med vener.


ISBN: 9788252194524

Kategoriar: Nyheiter og populære bøker, Syn og segn

Emneknagg: 2017, Nyheit

Sjanger: Tidsskrift



Meir frå Knut Aastad Bråten