Syn og Segn. Hefte 1 - 2017

Knut Aastad Bråten

Kjernefysikk og pengar, polonium-210 og kommunereform

Stor samtale med Afghanistan-ambassadør Shukria Barakzai, som heile sitt vaksne liv har kjempa for rettane til kvinnene i heimlandet.

Temaartiklar om barneoppdraging ved ekspertane Håvard Nyhus, Ragnhild Laird Iversen og Assad Nasir.

Alice Gudheim har snakka med professor Einar Lie om det kontaktlause samfunnet, og Lie gjev sin skjerv til diskusjonen.

Debatten om kommunereform lever vidare: Vegen ut av fella er ikkje større kommunar, men sterkare regionar, skriv professor emeritus Harald Baldersheim.

Og kva betyr det å sparke nedover, spør nestleiar i Norges Handikapforbund, Toril Heggen Munk. Svaret finn du kanskje i Syn og Segn.

Eksklusiv samtale med Marina Litvinenko, enka etter den tidlegare FSB-agenten Aleksandr Litvinenko, som vart forgifta og drepen av russiske styresmakter.

Fotograf Trygve Indrelid har vore i Fresvik i Sogn, og forfattaren Brynjulf Jung Tjønn har sett tekst til bileta.

Du trur kanskje du veit korleis universet vart til? Men veit vi så mykje som vi trur? Forskar Jørgen Eriksson Midtbø gjev deg svaret.

Og som om ikkje det skulle vere nok: Gjesteteiknaren denne gongen er Randi Matland.


ISBN: 9788252194500

Kategoriar: Syn og segn

Emneknagg: 2017, Nyheit

Sjanger: Tidsskrift



Meir frå Knut Aastad Bråten