Symfoni no. 3, opus 41

Jan Inge Sørbø

I denne romanen om Fartein Valen blir liv og musikk, håp og tru, kjærleik og sakn fletta inn i kvarandre, til ein symfonisk og litterær vev.

Vi er i Norge året etter krigen. Sjøfuglane gjer lette kast i mild og fuktig vestavind, det er juni 1946, lange dagar, lyse sommarnetter, det er fred i Norge, eit år sidan jubeldagane i mai, no går det an å reisa igjen, sjøfuglane skrik til kvarandre, Fartein Valen reiser seg frå skrivebordet, eit stort arbeid er fullført, han har skrive ferdig symfoni nr. 3, ein pastoralesymfoni med stormkast, ei kjærleikserklæring til Valevåg, pastorale, elegi over dei unge døde, alle krigens offer, det fortel om stormane, og det munnar ut i ein ny pastorale, ein jubelsong, ein takk, ein vårdag i Valevåg.


ISBN: 9788252168242

Kategoriar: Jan Inge Sørbø

Emneknagg: 2006, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Jan Inge Sørbø