Sykle på vatnet

Alf Skjeseth

Frå revolusjonær propaganda til kulturelitens og venstresidas daglege brød

Avisa Klassekampen er eineståande, også i europeisk mediehistorie. Frå dugnadsbasert idealisme i eit autoritært politisk miljø, har avisa utvikla seg frå maoistisk propagandaorgan på 1970-talet til pluralistisk suksessavis med høg kulturstatus og tverrpolitisk appell i vår tid.

Den strevsame frigjeringa frå ml-rørsla har fått stor plass, men forfattaren har også med entusiastiske skildringar frå kollektiv idealisme og den ueigennyttige innsats frå folk på golvet og lojale partimedlemer med og utan dekknamn. Dette er ei eventyrleg historie om ei av dei få papiravisene i vår digitale samtid som stadig aukar i opplag.

Frå Bokmeldingar

"Alf Skjeseth har skrevet en glimrende bok om Klassekampens tidlige historie..."
Bjørgulv Braanen, Klassekampen


ISBN: 9788252175387

Kategoriar: Alf Skjeseth, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2011, Innbunden,

Sjanger: Historie



Meir frå Alf Skjeseth