Dette første møtet med verda utanfor Norden kunne lett gitt den unge Are Kalvø eit dårlig forhold til Syden. Likevel har Kalvø fleire gonger reist tilbake til Syden, denne merkelige solrike plassen som finst uavhengig av alt anna.
No har han reist til Syden for å skrive bok. Med kofferten full av reisekatalogar frå charter-turismens barndom. Fast bestemt på å finne restane av den store Syden-draumen.
Fleire bøker av Are Kalvø:
Bibelen 2
Syden
Are Kalvø
(f. 1969) kjem frå Stranda og er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå-opp-komikar. Dei populære bøkene hans er samla mellom tre permar i Greatest hits vol 1 – the early years (2003), Greatest hits vol 2 – the golden years (2004) og Greatest hits vol 3 – the travelling years (2009). Her er satiriske perler som m.a. Kunsten å vere neger, Bibelen 2, Syden, Våre venner kinesarane og tilgjengeleg for lesarane i praktiske utgåver med bonusmateriell.
Kalvø er utdanna cand.mag. med mellomfag i sosiologi og grunnfag i statsvitskap og kunsthistorie. Han har arbeidd fulltid med humor og satire sidan 1994, hovudsakleg som kåsør, tekstforfattar og programleiar i NRK, men òg som stå-opp-komikar, forfattar av satiriske bøker og fast spaltist i Arbeiderbladet/Dagsavisen sidan 1992. Han har motteke ei rekkje prisar og hatt stor suksess med scenetekstane Norge-Brasil, ein fotballopera, Kalvø, ein time av livet ditt du aldri får tilbake og Halve kongeriket. Norsk politikk - the musical.
Litterære prisar
Kringkastingsprisen
Kringkastingsprisen 2005
Sigmund Skard-stipendet
Sigmund Skard-stipendet for 2001
Wesselprisen
Wesselprisen for 1999
Oslo by sin kunstnarpris
Oslo by sin kunstnarpris for 1998
Scheibler-legatet sin heiderspris
Scheibler-legatet sin heiderspris for 1997
Vinjeprisen
Vinjeprisen for 1997
Årets frilansar
Årets frilansar 1995.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO