Svevn

Jon Fosse

To teaterstykke frå Jon Fosse

Kunne livet vorte annleis om du tok andre val? Det spørsmålet stiller stykket Svevn. Vi møter ti menneske med ulike håp og draumar. I ei leilegheit blir liva deira vovne saman. Svevn hadde urpremiere på Nationaltheatret under Samtidsfestivalen 2005.

To menn møtest på kaien. Har dei møtst før? Kor lenge er det sidan? Dei har kjent kvarandre, og det var her dei møtte ei kvinne, som no med eitt står der framfor dei. Ho vil bade, det er varmt. Gamle kjensler blir vekte til liv, og med det sjalusien. Tida er evig, og samstundes frose fast i ein augneblink. Varmt hadde urpremiere på Deutsches Theater i Berlin i 2005.

Jon Fosse er i dag ein av Europas mest spelte dramatikarar. 


ISBN: 9788252168273

Kategoriar: Jon Fosse, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2006, Innbunden,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Meir frå Jon Fosse