{"product_id":"strikk-sokkar-30-fargerike-oppskrifter","title":"Strikk sokkar: 30 fargerike oppskrifter","description":"Få plagg blir brukte like mykje som eit par gode sokkar. I denne inspirerande boka deler Ingvild Grane 30 perfeksjonerte oppskrifter på fargerike sokkar. Oppskriftene passar til heile familien, frå små barn til vaksne. Oppskriftene er detaljerte og enkle å forstå, slik at du kan følgje dei både om du har strikka mange sokkar før, og om du prøver deg på sokkestrikk for første gong. \u003cem\u003eStrikk sokkar \u003c\/em\u003eer ei bok du kan vende tilbake til, gong på gong.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eAlle sokkane i boka er strikka i rein ull av norsk garn frå Hillesvåg ullvarefabrikk.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cstrong\u003eIngvild Grane \u003c\/strong\u003e(f. 1982) har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instagramkontoen @skaperrom. Ho har tidlegare gitt ut bøkene \u003cem\u003eStrikk med Ingvild frå @skaperrom,\u003c\/em\u003e \u003cem\u003e100 handlaga gåver \u003c\/em\u003eog \u003cem\u003eStrikk vottar\u003c\/em\u003e. Grane kjem frå Naustdal og er busett på Nesodden. Ho er mellom anna utdanna journalist og arbeider med lydbøker i Fabel.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e","brand":"Ingvild Grane","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47912940667101,"sku":"9788234017155","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_dc5321a9-9a70-4a3e-882a-40da2086f5d1.jpg?v=1779365019","url":"https:\/\/samlaget.no\/products\/strikk-sokkar-30-fargerike-oppskrifter","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}