Last ned omslag

Bla-i-boka

Stemmer frå ei fjern tid

Jostein Fet

Forteljingar om bøker, viser, magiske formlar og merkelege teikn 1550-1814

Jostein Fet har dokumentert korleis vanlege folk på bygdene las langt meir enn det vi før har trudd.

I Stemmer frå ei fjern tid fortel Fet levande om fleire bøker frå den dansk-norske elitens litteratur, bøker som på forunderleg vis hamna i allmugehender og fekk ein særskild funksjon der.

Her lærer vi å kjenne ein ukjend bergenshumanist, vi får smakebitar av eit katekismeverk på 8000 sider (!), vi er med på å analysere ei av dei aller eldste folkevisene i landet. Ei ukjend verd opnar seg i kapitla om magiske formlar og nokre utydde teikn på veggen av ei sengebu. 

Frå Bokmeldingar

"Fet auser av sin store kunnskap, og ut av litteraturhistoria og dei gamle skriftene dreg han fakta om daglegliv, gudstru og folketru, språkutvikling, klesdrakt, husdyr- hald, sosial status, kunnskapsnivå; ja, mangt og mykje som har fordra både brei og djup kunnskap, vit- skapeleg tilnærming og ikkje lite av god, gamaldags nyfikne."
Reidar Skarbø, Nytt i Uka


ISBN: 9788252184266

Kategoriar: Fakta og dokumentar, Jostein Fet

Emneknagg: 2014, Innbunden,

Sjanger: Kunst og kulturhistorie



Meir frå Jostein Fet